Ein solid grunnmur for kultur og aktivitet
Først og fremst ønskjer vi å byggje sjølve festivalen og foreningen på ein trygg og stabil måte. Når grunnmuren er på plass, er ambisjonen at Melkesyrefestivalen skal vere noko som kjem heile lokalsamfunnet til gode.
Det handlar ikkje berre om å arrangere éin festival, men om å utvikle kompetanse, utstyr, samarbeid og økonomi som gjer det lettare å skape fleire arrangement og meir aktivitet lokalt – også resten av året.
