14.–15. august 2026 · Høyanger Vidaregåande Skule

Melkesyrefestivalen samlar publikum, frivillige, samarbeidspartnarar, barn, unge, vaksne og seniorar i ei festivalhelg som skal gi både gode opplevingar og aktivitet lokalt.

Sponsorar

Samarbeidspartnarar

Sponsorar Melkesyrefestivalen
Artistar

Lineup 2026

Rekkefølga kan endrast. Møt opp tidleg for å få med alle artistane.

Fredag 14. august

Splint
FredagFestmusikk

SPLINT

SPLINT kjenneteiknast som bandet med det gode humøret og det allsidige repertoaret, der det å skape god stemning blant publikum er ein sjølvsagt del av opplevinga.

Ein kveld med SPLINT gir deg kjende, melodiøse låtar, god energi, danselyst og høg allsangfaktor.

Anita Nordheim Blues n' Groove Company
FredagBlues

Anita Nordheim Blues n’ Groove Company

Ei konsertoppleving full av kraft og groove, med fersk musikk i kombinasjon med kjende låtar.

Med si særprega stemme, barytonsaksofon og eit band som osar av kvalitet og speleglede, har Anita etablert seg som ei markant stemme på den norske scena.

Kokken Tor
FredagNorsk rock

Kokken Tor

Det beste av norske rockeslagarar frå mellom andre DumDum Boys, deLillos, Jokke, CC Cowboys og Ingenting.

Kokken Tor er kjent for å levere rå energi og eit hardtslåande partyshow med høg allsangfaktor.

Laurdag 15. august

Konfirmantane
LaurdagDansemusikk

Konfirmantane

Konfirmantane spelar på seniorkonserten på dagtid laurdag 15. august, og opnar også festivalkvelden seinare same dag.

The Pink Robots
LaurdagPop

The Pink Robots

Med fengande elektropop, leikne arrangement og stor energi er The Pink Robots klare for ei ny æra og ein sterk festivalopptreden i Høyanger.

Riverbank
LaurdagCountry

Riverbank

Ekte countrymagi med låtar frå alle tiår – frå Johnny Cash og Hellbillies til Keith Urban og Shania Twain.

Arme Riddere
LaurdagNorsk rock

Arme Riddere

Lokalt tributeband med energiske konsertar, solid trøkk og kjende DumDum Boys-låtar med kraft, nerve og ekte rockefot.

Laurdag dagtid

Seniorkonsert

Seniorkonserten går på dagtid laurdag 15. august, med Konfirmantane som ein del av programmet.

Laurdag dagtid

Ungdomsarrangement

På ungdomsarrangementet blir det lokale barn og ungdommar som syng, speler i band eller viser seg fram frå scena. Her skal det vere rom for lokale talent og nye opplevingar på ei profesjonell arena.

Info

Praktisk informasjon

Det er svært begrensa med både telt- og bobilplassar ved svømmehallen. Plass blir reservert gratis ved kjøp av billett online.
CampingFri camping på plenen bak svømmehallen.
BobilFri bobilparkering på parkeringsplassen bak svømmehallen.
Mat og drikkeBurgere og kebab.
Aldersgrense18 år på kvelden.
TilgjengeRullestoltilgang til festivalområde og sanitærområde.
SanitærToalett / sanitær i idrettshallen. Handicaptoalett er tilgjengeleg.
Kart og reglar

Område og viktig informasjon

Områdekart Melkesyrefestivalen
Områdekart
Trykk for å opne større
Evakueringsplan Melkesyrefestivalen
Evakuering
Trykk for å opne større
Campingregler Melkesyrefestivalen
Campingregler
Trykk for å opne større
Kontakt

Kontakt og oppdateringar

melkesyrefestivalen@gmail.com